onsdag 10. desember 2008

"Auggie Wrens juleforteljing"


Kvar einaste jul får vi høyre juleforteljingar. Dei kjem i mange fargar og fasongar, men likevel er det fleire trekk som er felles for dei. Tidsrommet forteljinga omhandlar er som regel jula, og forteljinga har eit roleg preg over seg utan alt for mykje action. Vi får heller høyre om nokre få enkeltmenneske, og historia deira vekker gjerne kjensler i oss. Vi møter gjerne dei trengjande, og dei som hjelp. Juleforteljingar har moral, og ofte om det å være god mot andre og å hjelpe dei som treng det.

I ”Auggie Wrens juleforteljing” får vi høyre om Auggie som ynskjer å gjere ei god gjerning i jula, ved å levere tilbake ei lommebok han har funne, men han endar opp med ei heilt anna god gjerning enn kva han hadde førestelt seg. Personen som eig lommeboka treff han ikkje, men han treff personens blinde bestemor. Ho skjønar at Auggie ikkje er barnebarnet slik som ho fyrst trudde, men det sterke ynskje om at det skulle vere han gjer så dei begge spel rollane som bestemor og barnebarn for kvarandre. Auggie og den framande dama endar opp med å feirar jul saman, før til slutt bestemora sovnar og Auggie tek med seg eit av barnebarnet stolne kamera og dreg.

”Auggie Wrens juleforteljing” er, som det kjem ut frå tittelen, det vi kallar ei juleforteljing. Dette kan vi seie fordi den har fleire fellestrekk med andre juleforteljingar. Forteljinga handlar som så mange andre juleforteljingar om jula, men ikkje om eim perfekte og lukkelege ein, slik som gjerne forbindast med jula. Vi får sjå jula frå ein litt trist side, der vi møter nokon av alle dei einsame som sit aleine kvar jul, og vi blir gjeve ei påminning om å hugse på desse. Vi får sjå korleis eit menneske kan ved små gjerningar gjere noko som betyr svært mykje for eit anna menneske.

Novella byrjar med å fortel at Auggie Wrens ikkje ynskjer sitt verkelege namn i forteljinga. Dette trur eg det kan vere fleire årsaker til. Ein av dei grunnane som slo meg var at kanskje novella er oppdikta, og at det som er fortalt i historia aldri har hend. ”Eg”-personen i teksta fortel at tanken om at Auggie kan ha funne opp historia har slått han, men det slår meg at kanskje forfattaren har funne på at Auggie kanskje har funne på. For etter mi meining er dette eit godt verkemiddel for å gjere teksten meir spanande og engasjerande. Bodskapen om å hjelpe andre kjem sterkare fram dersom lesaren trur forteljinga er sann. Sjølvsagt kan det også vere ei enklare forklaring på kvifor Auggie ikkje ynskte namnet sitt publisert, blant anna at han følte dårleg rundt at han lurte dama og stol kameraet.

Eit tema i novella er tid. Dette symboliserast med kameraet og alle dei bileta Auggie har teken av same sted i 12 år kvar morgon. Bileta visar utvikling av tid og årstider, og vi får sjå fine dagar og dårlege dagar. Vi går også fleire gonger fram og tilbake i tid, og vi får høyre forteljingar om noko som hende for mange år sidan. For novella har forteljingar frå korleis forteljaren og Auggie møttes for mange år sidan, hans bileteprosjekt, om forteljarens oppgåve om å skrive ei juleforteljing, og samtidig Auggies juleforteljing.

Bilde: Forfatteren, Paul Benjamin Auster. (http://gfx.dagbladet.no/pub/artikkel/4/48/482/482142/auster_503_1162893861.jpg)