torsdag 26. mars 2009

Stygt eller pent - augo som ser

Noko av det aller verste eg veit er om sommaren når heile familien etter ein åtte timars kjøretur sitter tettpakka oppi ein alt for liten båt kor kvar og ein av oss har teke med oss alt for mykje bagasje som vi garantert ikkje kjem til å trengje, men som likevel tek opp plass i den vesle båten og gjer at den blir alt for tung og liggjande alt for langt nede i vatnet. Eg sit å gruar meg heile den fyrste halvtimen av turen ut mot hytta, for eg veit dei siste fem minuttane vil bli forferdelege. Sjølv om sjøen den fyrste biten er roleg kjennar eg vinden som riv i håret, veit eg at det vil vere eit heilt anna slags hav så fort vi kjem ”uttaskjærs”. Eg har sjølvsagt rett. Bølgja slår om båten og eg er fleire gongar sikker på at alt er over, vi kjem til å velte og drukne.